Kyrkje fekk ein million i gåve
Vågsbygd kirke i Kristiansand har fått ein million kroner frå ein anonym gjevar. Det opplyser kyrkja på Facebooksida si. – Bruk dei gjerne på barn og unge eller det de meiner bydelen treng, står det i brevet som er handskrive over to A4-sider.
Laurdag kom det fram at Blå Kors har fått to millionar kroner i gåve frå ein anonym gjevar.