Dømd for promillekøyring til sjøs
Ein mann er dømd til fengsel i 14 dagar for promillekøyring med båt. Mannen vart teken av politiet i byfjorden i Kristiansand i fjor sommar. 56-åringen vart målt til 2,21 i promille. Han er også ilagt køyreforbod for båtar som krev båtførarbevis.