Dømd for å ha utløyst brannalarm
Ein mann (18) frå Grimstad er dømd til betinga fengsel i 14 dagar, etter å ha utløyst brannalarmen på ein utestad i Grimstad, sjølv om det ikkje brann. Alarmen førte til full utrykking i brannvesenet. Mannen må også betale ei bot på 3000 kroner.