Hopp til innhold

Ryddejobb etter flaum vil ta år

Det er gjort enorme skadar på dyrka mark, vegar og hus etter flaumen i Luster. – Det vil truleg ta fleire år å rydde opp etter flaumen i helga, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster. Kommunen har førebels ikkje full oversikt over skadane. Ordføraren meiner øydeleggingane er så ille at det faktisk ikkje er mogeleg å få tilbake den dyrka marka.

Vegen til Mørkrid i Luster
Foto: Terje Anton Gudmundsson