Hopp til innhold

Vil stoppe arbeid med vindkraftplan

Den Norske Turistforening, DNT, ber regjeringa stoppe arbeidet med «Nasjonal ramme for vindkraft på land». I ei pressemelding skriv DNT at landsmøtet krev meir involvering frå befolkninga og naudsynte utgreiingar. – Vi er ikkje imot all landbasert vindkraft, men meiner det må takast meir omsyn til natur og friluftsliv før omfang og plassering blir bestemt, seier fagsjef Oddvin Lund i turistforeininga.

Pilotmøllen på Valsneset mot den blå himmelen.
Foto: Caroline Drefvelin / NRK