Vil leggje ned skule
Bremanger-rådmann Tom Joensen vil leggje ned Kolset skule i 2019 på grunn av færre ungar i skulealder, skriv Fjordenes Tidende. Bremanger har i dag seks grunnskular, og rådmannen meiner dei i framtida også må sjå på fleire av dei andre skulane. Dette gjeld blant anna skulen i Ålfoten.