Hopp til innhold

Vil ikkje kommentere nedlegging

Eid-ordførar Alfred Bjørlo ønskjer ikkje å kommentere kva vil han gjere med Bryggja skule om bygda vert ein del av nye Stad kommune. I går vedtok Vågsøy kommunestyre å leggje ned grendeskulen på Bryggja. Blant anna skulestrid har ført til at bryggjaværingane har søkt om å få bytte kommune, og bli del av den nye storkommunen med Selje og Eid. Bjørlo seier han først vil sjå fylkesmannen si tilråding i saka om grensejustering, før han uttalar seg. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal sende sitt råd om grensejustering til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i løpet av neste veke.

Alfred Bjørlo
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK