Hopp til innhold

Vil ha vernesone rundt skulane

Førstkomande måndag startar skulane igjen, og distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk fryktar det skal skje ulukker om foreldra ikkje sluttar å køyre ungar heilt fram til skuleporten. Han ynskjer difor at skulane skal ta grep og innføre ei vernesone rundt skulane. – Vi ynskjer at skulane, i samarbeid med foreldre og kommunar, skal opprette ei vernesone så tett som mogleg til skulane som skal vere bilfri, seier han.

Audun Heggestad
Foto: Karl Kristian Langeland / NRK