Hopp til innhold

Ventar storinnrykk

Klokka halv fire i ettermiddag er det nok ein gong duka for eit spennande vestlandsderby på Fosshaugane. Då tek nemleg Sogndal imot Aalesund. Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, seier han ventar storinnrykk til kampen. – Vi har selt nesten to tusen billettar, så når kampen vert sparka i gang reknar eg med at vi vil vere mellom 2500 og 3000 personar på stadion, seier han. Det er og venta mellom 100 og 150 supporterar frå Sunnmøre.

Geir-Inge Heggestad
Foto: Noralv Pedersen / NRK