Hopp til innhold

Venstre vil ikkje stoppe Kinn

Vågsøy Venstre støttar ikkje eit forslag for å reversere Kinn kommune, det melder lokallagsleiar Edvard Iversen. I ei folkerøysting måndag sa 60 prosent nei til at Vågsøy skal bli del av Kinn kommune, slik Stortinget vedtok allereie for eitt år sidan. – Venstre har trua på etableringa av ein sterk kommune på kysten av Sogn og Fjordane, og at ein står langt sterkare når vi no skal inn i ein ny vestlandsregion, skriv Iversen. Saka skal opp i kommunestyret i morgon.

Edvard Iversen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK