Hopp til innhold

Rasfare stengjer fleire fylkesvegar

Strekningane Flo–Storesunde på fv. 722, Loen–Bødal på fv. 723 og Briksdal–Olden på fv. 724 i Stryn er stengde tysdag kveld, grunna fare for ras. Det melder Vegtrafikksentralen. Dei vil gjere ei ny vurdering av vegane onsdag morgon klokka 9. Tidlegare vart også fv. 664 mellom Fossebakken og Navelsaker i Eid stengd av same grunn.