Hopp til innhold

Utan telefon og internett

Fleire husstandar i Møkridsdalen i Luster har vore utan internett og telefon i eit døgn. Det var ein lastebil som har treft lina. – Det er ikkje kjekt å vere utan nett og telefon, spesielt ikkje i førjulstida, seier bebuar Øyvind Listou. Telenor lovar å utbetre feilen i løpet av dagen.