Hopp til innhold

Uroa over at vi drikk mindre mjølk

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, er bekymra for framtida til bøndene i fylket. For forbruket av vanleg søtmjølk gjekk i fjor ned med heile 3,8 prosent per person, skriv Nationen. Det kjem samstundes med at det norske osteforbruket også gjekk ned, for første gong sidan 2009. Felde i Bondelaget seier alle varsellampane bør lysa.

Anders Felde
Foto: Aleksander Åsnes / NRK