Hopp til innhold

Ulovleg garnsetjing i Balestrand

Under ein rutinekontroll avdekte Statens naturoppsyn brot på lakse- og innlandsfiskelova i Balestrand, skriv Sogn Avis. Det var ulovleg garnsetjing. – Ein er sjølv ansvarleg for å følgje forskriftene for lovleg fiske. Dei som set garn etter ulovlege forhold blir politimelde, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn til avisa.