Hopp til innhold

Turistane er henta ned frå breen

Dei to belgiske turgåarane som sat vêrfaste på Supphellebreen er no henta ned. Det var i går Hovudredningssentralen i Sør-Noreg fekk melding om at to personar hadde etablert naudbivuakk oppe på breen. I dag vart dei henta ned av erfarne breførarar. Breførar Sigurd Felde seier dette viser kor viktig det er å førebu seg godt før ein legg ut på tur. – Det er dårleg vêr og sikt i området, seier han på veg ned til Fjærland saman med turistane.

Redningsaksjon Supphellebreen
Foto: Sigurd Felde