Hopp til innhold

Trur på produksjon over helga

Engi E & P håpar at dei over helga er i gang att med produksjonen på Gjøa-feltet vest for Florø. Plattforma vart evakuert onsdag etter ein gasslekkasje. Den daglege produksjonen utgjer 19 millionar kubikk gass og 30.000 fat olje frå både Gjøa og Vega-feltet. Kommunikasjonssjef Liv Janne Omland seier at tryggleiken er det viktigaste før dei startar opp att.

Gjøa
Foto: Martin Lindland/Statoil / Martin Lindland