Hopp til innhold

Treng over ein milliard kroner

– For å få fylkesveg 615 opp på ein brukbar standard trengst det 1,1 milliardar kroner, sa fylkesdirektør for samferdsel, Dina Lefdal, l under eit folkemøte i Hyen før helga. Det skriv Firda Tidend. Skipsverftet Brødrene Aa fortalde om store problem med å rekruttere folk fordi dei ikkje ønskjer å pendle den rasutsette vegen til Hyen. Svenn Egil Finden frå Statens vegvesen vedgjekk at dei strakstiltaka dei no gjer på Hopstranda, ikkje vil vere noko fullgod løysing.