Hopp til innhold

Trafikkulukke i Leikanger

Ein personbil har kollidert med ein buss på riksveg 55 ved Hella i Leikanger. Det skal ikkje vere personskade, men personbilen er ikkje køyrbar. Bussen og bilen sklei mot kvarandre i låg fart, og alle brukte bilbelte, seier politiet, som er på veg til staden. Det er difor redusert framkome til Hella ferjekai, melder vegtrafikksentralen.