Hopp til innhold

Ein person til sjukehus

Ein bil har hamna i autovernet i Florø. Det var to personar i bilen og ein av dei blir køyrd med ambulanse til Førde sentralsjukehus. – Skadeomfanget er førebels ukjend, ifølgje politiet. Ulukka skjedde ved innkøyringa til Havhesten. Bilen sperrar eine køyrefeltet fram til bilberging er på plass.