Trafikkuhell i Lærdal
Klokka 1314 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Lærdal, skriv politiet på Twitter. Ein bil vart påkøyrd bakfrå og begge bilane fekk materielle skader. Ingen personar kom til skade i uhellet, men bergingsbil vart rekvirert for å ta hand om bilane. Uhellet skjedde i rundkøyringa på Borlaug.