Hopp til innhold

Tok to elevar for narkotikabruk

To elevar ved Flora vidaregåande skule vart tatt inn av politiet for narkotikabruk då politiet skulle ha informasjonsmøte på skulen. Det skriv Bergens Tidende. Politiet var på skulen for å informera om kva konsekvensar bruk og oppbevaring av narkotika kan han. Under besøket markerte narkohundane på to elevar som ikkje hadde narkotika på seg, men som erkjende å ha brukt det.