Tok 1,1 kilo hasj på bussen
Ein mann i slutten av 20-åra må sone sju månader fengsel. Mannen vart pågripen i mars i år då han kom med buss frå Oslo til Førde. I sekken hans fann politiet 1,1 kilo hasj. Mannen, som er statlaus og i februar i år vart utvist frå Norge, erkjende forholdet i Sogn og Fjordane tingrett. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 32 dagar varetekt etter pågripinga.