Hopp til innhold

To firma blir melde

To firma blir melde etter ein trafikkontroll i Lærdal søndag kveld. Fartsskrivaren på eitt vogntog var ikkje kalibrert, medan eit vogntog trilla inn på kontrollstasjonen med knekt hjelperamme og stor luftlekkasje frå ein bremseslange. Begge fekk bruksforbod. I alt fann kontrollørane frå Statens vegvesen ting å setje fingeren på ved sju køyretøy.

Kontrollstasjonen på Håbakken
Foto: Rune Fossum / NRK