Hopp til innhold

Tjuveri frå anlegg i Bremanger

Materiale frå ein lagringsplass i Sørdalen ved Bortnetunnelen i Bremanger har forsvunne i løpet av sommarferiens siste halvdel. Det skriv politiet i Sunnfjord på Facebook. Politiet trur det er snakk om verdiar til 50.000 som har forsvunne. Dersom nokon har tips ber politiet om å ringe på telefon 577 96 634.