Hopp til innhold

Tilbake i landslagstroppen

Elise Thorsnes frå Leikanger er tatt ut i den norske kvinnelandslagstroppen i fotball som skal spele fire kampar i Portugal i månadsskiftet. Det skriv Norges fotballforbund på sine heimesider. Thorsnes var ikkje med i troppen som spelte på La Manga rett over nyttår, men er no tilbake. Det norske laget skal spele fire kampar på ei veke på Algarve.

Fotball damer
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix