Hopp til innhold

Til legesjekk etter ulukke

To personar blir frakta til lokal legevakt for sjekk etter ei utforkøyring i Olden måndag ettermiddag. Bilføraren skal ha svinga ut då det kom ein bil i mot som kom køyrande midt i vegen. Dei to personane skal vere nederlandske turistar.