Tertnes spelar heimekamp i Førde
I eit forsøk på å auke handballinteressa i distrikta, møter Tertnes Skrim til eit eliteserieoppgjer i Førdehuset søndag – 17 mil unna heimebana. – Det handlar om å byggje interesse og motivere spelarane, seier Gunn Merete Paulsen, styreleiar i Førde handball til Bergens Tidende. Sist kvinnelaget spelte i Førde, for to år sidan, var det 600 tilskodarar i Førdehuset.