Hopp til innhold

Tente 700.000 kroner på ny hytte

Den store auken i overnattingsgjestar på Skåla i Loen betyr kjærkomne midlar til vedlikehald av både Skålatårnet og den nye Skålabu. Over 3300 personar besøkte toppen av Skåla i fjor, av desse overnatta kring 2000 av dei. Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag seier dei tente 690.000 kroner på dei mange besøka på Skålabu. – Det er mykje vêr og vind på Skåla, så dette gir oss viktige inntekter til drift og vedlikehald.

Skålabu
Foto: Ole Dag Auflem