Teddy er komen heim att
– Det er veldig godt å få han heim att, seier eigaren Jan Børge Solheim. Det var laurdag Teddy forsvann frå heimen sin og ikkje kom tilbake. I dag stod han utanfor huset då familien kom heim att etter å ha vore og leita. – Han er litt sliten, men elles i fin form, seier Solheim. Familien vil takke dei som har vore med å leita og delt Facebook-innlegga om Teddy.