Hopp til innhold

Taua bil med kort tau

I Loen måtte to menn i 20-åra levere frå seg førarkorta til politiet i ettermiddag. Ein patrulje oppdaga at mennene taua ein bil ved bruk at eit kort slepetau. Ved politiet sin operasjonssentral i Florø får NRK opplyst at dette skjedde i høg hastigheit i ei 80-sone.