Hopp til innhold

Stor nyetablering i Florø

Seismikkselskapet PGS Geophysical AS har signert ein kontrakt om å etablere seg på Fjord Base i Florø, det skriv Firdaposten. – For oss er dette stort, men det vil nok bety endå meir for florøsamfunnet, seier konserndirektør i INC Invest til avisa. Selskapet etablerer seg med eit lager i kystbyen, og ifølgje Firdaposten vil dei bli verande der i meir enn ti år.

Fjord Base, Botnaneset i Florø
Foto: Oddleif Løset / NRK