Hopp til innhold

Stoppar marknadsføring

Den norske turistforeining vil ikkje lenger marknadsføre tilboda sine i Kina og andre område som krev svært lange flyreiser, skriv avisa Nationen. Det hjelper lite å reise til Norge og ete økologisk kortreist mat og leve miljøvenleg dersom du flyr rundt halve kloden for å komme hit, seier styrar Marius Michael Haugaløkken ved Gjendesheim i Jotunheimen.