Hopp til innhold

Stiutviklar får ungdomspris

Årets gründerpris for ungdom går til Rekkje Stiutvikling AS for arbeidet deira med å byggje sykkelanlegg og berekraftige stiar. Dei treff blink på aktivisertbasert reiseliv, meiner fylkeskommunen, som deler ut prisen på 50.000 kroner. Rekkje Stiutvikling held til i Sogndal, men har sikra seg prosjekt både i og utanfor Sogn og Fjordane, og er rekna for å vere ein pioner i bransjen.

Rekkje Stiutvikling
Foto: Runar Bjørkvik Mæland / Sogn og Fjordane fylkeskommune