Stengjer fylkesveg 609
Klokka 22 stengjer Statens vegvesen fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Strekkja ved Heilevang er rasutsett på våte dagar og det neste døgnet er det meldt høvesvis store nedbørsmengder. Det gjer at Vegvesenet fryktar at det kan gå nye ras.