Hopp til innhold

Steinras stengjer fylkesveg

Fylkesveg 618 er stengd ved Sørpollen mellom Allmenning og Selje. Statens vegvesen opplyser at det har gått eit steinras der. – Det skal ha kome ned ei veldig stor steinblokk. Den er anslått til å vere to meter høg og to og ein halv meter lang, seier Ketil Molvær, trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen.