Hopp til innhold

Stein- og isblokker i vegen

Entreprenør er no på veg for å fjerne isblokker som har ramla ned på E39 i Våtedalen. Ingen skal ha blitt trefte, og vegen er ikkje stengd, seier trafikkoperatør Monika Øksengård ved vegtrafikksentralen. Ho seier at det for eit par timar sidan var steinblokker som kom ned i vegen omtrent på same staden. – Desse blei fjerna av ein større maskin og er ute av vegbana.