Hopp til innhold

Stakk av frå politiet

Ei sunnfjordkvinne i 50-åra må betale 15.000 kroner i bot. Kvinna køyrde varebil då ho med ein promille på 0,52 nekta å stoppe for politiet i ein kontroll ein fredagsmorgon i juni i fjor. Ho må også klare seg 12 månadar utan førarkort.