Hopp til innhold

Stadig fleire målfolk

I løpet av helga passerte Noregs Mållag 13.000 medlemer og er no oppe i rekordhøge 13.107 medlemer. Dette er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan og er det høgste medlemstalet på over 25 år. Auken er størst i dei store byane, men mållaget veks i alle fylka i landet. – Fleire medlemer gjer mållaget til ein større og sterkare organisasjon, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn
Foto: Magnus Brenna-Lund/NRK