Hopp til innhold

Søkjer om pengar til reinprosjekt

Fjellheimen Villreinutval vil kartlegge og kartfeste korleis villreinen brukar og vandrar i fjella mellom Voss, Aurland og Vik. Dei ønskjer å registrere gamle fangstminne som også kan seie noko om bruk og trekkruter. Styret i utvalet har søkt fleire om løyvingar til prosjektet som er kostnadsrekna til 275.000 kroner.