Hopp til innhold

Søkjer etter ny arrangør av UKM

UKM er ungdomane sin eigen kulturmøteplass, og kvart år samlar UKM-festivalen i Sogn og Fjordane kring 300 ungdomar. Dei siste åra har festivalen blitt arrangert i Høyanger, men fylkeskommunen vil gjerne at festivalen flyttar rundt i fylket. Difor søkjer dei no etter ein arrangør for 2019-festivalen.

UKM Sogn og Fjordane
Foto: Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune