Hopp til innhold

Sognefjellet er stengd

Vegen over Sognefjellet er stengd, og vert ikkje opna opp att før tidlegast i morgon føremiddag, det melder Statens vegvesen. Det snør på fjellet, og snø har no lagt seg i vegbana. Sidan dei aller fleste bilane køyrer med sommardekk er det ikkje trygt å køyre, melder Vegvesenet.