Hopp til innhold

Sogndal verst – Florø best

Sogndal Fotball er dårlegast til å bruke lokale spelarar i dei to øvste divisjonane. Det er ei ære dei deler med Rosenborg. Det viser ei oversikt i Bergens Tidende. Så langt er Ulrik Flo og Johan Hove dei einaste lokale spelarane som har starta ein kamp for Sogndal i år. I Florø er situasjonen ein heilt annan. Berre Ranheim har fleire lokale startar enn Florø.