Hopp til innhold

Sogndal har signert ny spelar

Sogndal Fotball har signert ein avtale med Akor Jerome Adams. Det skriv klubben på nettsidene sine. Avtalen strekkjer seg fram til 31. juli neste år. Sogndal og Jamba Football Academy er einig om utlånsavtale med kjøpsopsjon for Adams i same tidsrom. Adams har vore på treningsopphald hos Sogndal i år. Han speler på U20-landslaget til Nigeria.

Akor Jerome Adams
Foto: Sondre Dalaker / NRK