Hopp til innhold

Slutt på langstenging på E16

Sprengingsarbeidet i Flenjatunnelen er fullført. Difor blir det frå helga av slutt på dei tre timar lange stengingane i E16-tunnelane i Aurland. – Vi går no tilbake til kolonnar kvart 45. minutt, med avgang frå annakvar side, seier byggjeleiar Hans Myklatun.