Hopp til innhold

Sløkte grill i Florø

Brannvesenet i Florø rykte ut til eit branntilløp etter at ein eingongsgrill hadde blitt kasta i eit søppelspann. Dei som melde frå fekk sjølv sløkt grillen, men brannvesenet dynka ekstra med vatn, opplyser Alarmsentralen i Florø.