Slår seg saman frå nyttår
Fylkeslaga til Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman frå 1. januar 2019. Det blei vedteke under årsmøtet i Førde laurdag. Det er no danna eit interimsstyre som består av dei to fylkesstyra. – Det var litt diskusjonar og kjensler, men alle var samde, seier styremedlem Marius Langballe Dalin.