Hopp til innhold

Pasient fekk sein behandling

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane kritiserer behandlinga ein pasient fekk ved eit omsorgssenter i Vågsøy kommune i juli. Behandlinga var ikkje fagleg forsvarleg, skriv fylkeslegen i sin konklusjon. Mannen hadde symptom på slag, men helsepersonell oppfatta ikkje dette og han blei lagt til å kvile. Det tok mellom ein og ein halv til to timar før ein lege vart kontakta.