Hopp til innhold

Skiløpar utløyste snøskred

Ein skiløpar utløyste to snøskred i nærleiken av Sogndal skisenter fredag føremiddag. Det melder skisenteret sjølv på Facebook. Det var same person som utløyste begge skreda. Ingen vart skadd av skredet, som gjekk i området mot det populære skiområdet Blåfjell. Det er betydeleg snøskredfare i Indre Sogn.