Hopp til innhold

Skalla ned på campingplass

Ein mann i 20-åra er meld for vald etter at han skalla ned ein annan person på ein campingplass i Gaupne seint laurdag kveld. Mannen vart også vist bort frå Gaupne sentrum, opplyser politiet. Seinare på natta vart ei 18 år gamal kvinne også vist bort frå Gaupne sentrum. Men då ho ikkje brydde seg om pålegget, vart også ho meld, opplyser politivakta.