Hopp til innhold

Skal undersøkje folkeendringa

Rådmann Åslaug Krogsæter i Stad skal vere med og finne ut korleis stadig færre born og fleire eldre vil slå ut for distrikts-Noreg, skriv Fjordabladet. Ho er peika ut til å vere med i eit regjeringsutval leia av tidlegare Høgre-statsråd Victor Norman. Dei skal vere ferdige i desember neste år.

Åslaug Krogsæter
Foto: Arne Stubhaug / NRK